Skrevet ut fra www.psykiskhelseiskolen.no.
Hjem > Barn lider når foreldre sliter
Barn lider når foreldre sliter
Barna, og deres smerte, er ofte oversett når foreldre sliter med psykiske vansker eller rus.
Hjelpeapparat og andre må ha mot til å sjå, og mot til å gå inn og hjelpe, seier dr. philos. Kari Killén til Romsdals Budstikke.
Sosionom og Dr. Philos. Killén er forskar ved Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring, NOVA, og er mellom anna kjend for si forsking på samspel mellom mor og barn, tilknytingsproblematikk, omsorgssvikt og barnemishandling.
– Vi veit at barn allereie frå spedbarnsalder av får problem om samspelet med mor ikkje fungerer; årsaker kan vere mors rusmisbruk eller psykiske problem. Før trudde ein at barna ikkje skjønte kva som foregikk, og at det dei ikkje visste, hadde dei ikkje vondt av. No veit vi betre: Barn sensar, reagerer, og utviklar ulike måtar å overleve på, seier Killén.
– Må gripe inn.
Killén held fram at fagfolk som ser teikn på at ting ikkje er som dei burde – og det er oftast tydeleg om ein vil sjå – må aksjonere på tidlegast muleg tidspunkt, før problema vert store.
– Det kan vere vanskeleg å ta inn over seg den smerta desse barna lever med, og det kan vere opprørande for samfunnet når det vert gripe inn. Men fagfolk må våge å sjå, og våge å handle. Foreldre som slit, må ta i mot hjelp til barnas beste, poengterer Killén.
Både ho, og Ole Lorvik og Helga Konnestad Ormbostad frå Veksthuset, held fram at dette er eit ansvar særleg for helsepersonell og tilsette i skole og barnehagar, men også for andre som ser at eit barn har problem.
– Det gir seg gjerne uttrykk i utagering, slem oppførsel som vi ikkje liker. Men uro og grensepressing kommuniserer også noko; at barnet har behov for omsorg, godheit og interesse. Vi ser ofte at dei av rusmisbrukarane det går bra med, trass alt, er dei som har hatt nettverk i tillegg til foreldra. Det kan vere ein nabo, ein slektning, ein lærar – kven som helst, som viser omsorg og stiller opp.
Det er ikkje alltid mykje som skal til, understrekar Killén, og fortel om den vanskelegstilte eleven som i vaksen alder krediterte læraren sin for den viktige støtta ei lita setning hadde gitt:– Han la handa på skuldra mi, og sa: Livet er tøft, gutten min.
Kilde: Romsdals Budstikke: http://www.romsdals-budstikke.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20050825/LOKALNYTT/108250014